Ingenting å utsetta på dugnadsinnsatsen

I går var var det ikkje mindre enn 17 som stilla på dugnad for å gjera dagsturhytta klar til opninga 3.spetember.

Minst iføre når ein slik dugnadsgjeng vert tromma saman.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FOGN: Det er eit formidabelt tal dugnadsstimar folket på Fogn har lagt ned i arbeidet med ferdigstilling av dagsturhytta. Heilt sidan det blei bestemt at Fogn skulle få hytta, byrja dei frivillige organisera seg.

Mange dugnadstimar

Men så går det unna og, slik som i går, når så mange stiller til dugnad på ei og same økt.

I fleire timar heldt dei det gåande i går kveld med ulikt arbeid. Ein gjeng opna opp og rydda terrenget rundt hytta, medan andre sjaua på plass trea.

Neste tysdag blir det mest sannsynleg siste fellesdugnad. Då skal alt vera klart og hytta skal skinna på den offisielle opningsdagen om tre veker, laurdag 3.september.