Øyposten skifta i haust eigar frå Schibsted til Polaris Media. Denne veka legg me fullt og heilt om til Polaris Media sine system, som gir oss nokre nye muligheiter til å lage ei betre avis, og som i overgangen gir nokre små endringar for deg som lesar:

  • Frå og med onsdag 10. eller torsdag 11. april kan du ikkje logga deg inn på «Min Side». For å gjera endringar i abonnementet må du i ein periode ringa kundesenteret vårt på telefon 40102221.

  • Betalingsmuren på nettsida vår vil vera nede slik at alle kan lesa alt stoff gratis fram til siste veka i april.

  • Etter at den såkalla migreringa er fullført mot slutten av april må du som abonnent logga deg inn på nytt for å lesa oss. Passord og konto vil vera som tidlegare.

Øyposten er i godt driv og me håpar å fanga opp fleire lesarar som er interesserte i alt det spennande som skjer her ute i Finnøy og Rennesøy kommunedelar. Fleire lesarar saman med innspel og gode tips frå dykk er nøkkelen til at me skal utvikla oss vidare som lokalavisa for Ryfylkeøyane.