Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Rennesøy skule i haust. Der snakka dei blant anna om mobilfri skuledag. No skal skulereglane i Stavanger bestemmast, og der kan mobiltelefonen bli tema. Foto: Silje Talgø Klakegg

I den nye lova står det at kommunen skal lage skulereglar. Fram til no er desse blitt kalt «ordensreglement».

Elevar, lærarar, foreldre, føresatte og alle andre i Stavanger kan få seie si meining om forslag til nye regler fram til 29. april. Då går høyringsfrista ut.

På nettsida si skriv Stavanger kommune «I Stavanger har vi laget et forslag til felles skoleregler som skal gjelde for alle skolene i kommunen. Samtidig har vi laget en regel som åpner for at skolen kan lage noen regler selv. Skolens egne regler kan ikke være i strid med fellesreglene.»

Kommunen har lagt opp til at elevar sjølv skal få lov til å medverke i utarbeidinga av reglane.

Korleis går det med mobilfri skule? Stavanger kommune har foreslått å videreføre dette.

I tillegg kan du vere med å påverke kva konsekvensar av eventuelle brot på skulereglane skal vere. Kva bør til dømes vere konsekvensen viss ein elev mobbar eller forstyrrar undervisninga.

Meir om høyringa kan du lese på denne nettsida. Her finn du også informasjon om korleis du sender inn høyringssvar.

Stavanger kommune sitt forslag til skulereglar finn du her.

I tillegg til høyring for skulereglane, ligg det føre eit forslag til forskrift om elevpermisjon. Denne er også på høyring no, med frist 29. april.