Lanserer badeland for Stavanger på Judaberg

Henrik Halleland (KrF) jobbar for å få lagt byens badeland til sentrum på Finnøy.

Publisert:

– Det er stor politisk einigheit i Stavanger om at byen treng eit badeland, seier KrFs ordførarkandidat og finnøybu Henrik Halleland:

– Til nå har det stranda på høge tomteprisar midt i byen. Då har eg kome fram til at kvifor ikkje bygge eit badeland for Stavanger på Judaberg.

Har fått innspel

Halleland har fått innspel frå næringslivet på Finnøy, nærare bestemt frå eigedomsutviklar og KrF-sympatisør Stephan Dickinson. Dickinson har spela inn ei eigna tomt på Fågjerdet, der det er sprengt ut for å bygge parkeringshus og fem bustadhus, med der bustadsalet har gått treigt. Tomta ligg 100 meter frå kaien på Judaberg.

– Rett nord for tomta som er sprengt ut, mot Grieg Seafood, har Stavanger kommune ei tomt som går heilt ned til sjøen. Eg ser føre meg at det her er mulig å få til eit spennande konsept, seier Halleland.

Henrik Halleland på tomta på Fågjerdet der det allereie er sprengt ut for å bygge noko som har med næring eller bustader å gjere.
Kart der den aktuelle tomta på Fågjerdet er markert med gult.

Han har begynt å jobbe politisk med saka, og har fått positive signal frå Høgre til deler av ideen, seier han.

Høgres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal skriv dette til Øyposten:

– Høgre er positiv til å se om det er mulig å få på plass eit anlegg som kan styrke Judaberg som reisemålsdestinasjon. Folkebadet, som er ei viktig sak i Høgres program, meiner me fortsatt må ligge plassert sentralt i Stavanger.

Er med på dette

Halleland viser til at Suldal og Sauda har fått til å bygge badeland, og at det ikkje er nokon grunn til at ikkje Stavanger skal få det til.

– Eg lanserer ideen, så må dette utviklast vidare. Eg ser muligheiter for både Stavanger og Finnøy, seier Halleland.

Den utsprengte tomta på Fågjerdet er eigd av selskapet Faa Brygge AS som igjen er eigd av Stephan Dickinson.

– Tanken om eit badeland er kjempespennande. Det må kombinerast med eit parkeringshus, seier Dickinson:

– Alt vil løyse seg. Eg trur ikkje det er lenge før det er full fart i bustadmarknaden igjen, men eit badeland er me med på.

Publisert: