Lovar å bygge branngarasjar på fire øyar

I august skal alt vere klart for å starte bygginga av branndepot på Ombo, Fogn, Sjernarøy og Halsnøy.

Publisert: Publisert:

Birger W. Hetland (Sp) i kommunestyret har stilt spørsmål til kommunedirektøren om status for lenge etterspurde branngarasjar på nokre av dei ikkje landfaste øyane i Finnøy kommunedel:

– Tomter er valgt. Avtaler er laga, men dette har tatt lang tid, så spørsmålet er: Når kan innbyggarane på desse øyane forvente at garasjane står ferdig? spurde Hetland.

Administrasjonen svarar at avtalar med private grunneigarar på Fogn og Sjernarøy blei signert i mars/april i år. På Ombo står det att ei avklaring, medan den aktuelle tomta på Halsnøy er eigd av kommunen.

– Entreprenør er valgt for alle fire depota, og bygginga kan starte rett etter ferien, i august. Byggetida er estimert til 20 veker for alle fire branndepot, skriv administrasjonen i svaret til Hetland.

Publisert: