Onsdag la Statistisk sentralbyrå ut korleis folketalet endra seg i fjor i Norge og heilt ned til kvar grunnkrets.

Stavanger kommune nærmar seg 150.000 innbyggjarar etter at folketalet auka med 2,1 prosent i fjor. Av dei nye innbyggjarane utgjer flyktningar, i hovudsak frå Ukraina, kring 30 prosent, får Øyposten opplyst.

Både i Finnøy kommunedel og på sjølve øya Finnøy steig folketalet med 2,7 prosent i fjor. På Fogn og Talgje var veksten heile 6,3 prosent.

I Rennesøy var endringa meir moderat i fjor, 0,3 prosent vekst samla for kommunedelen.

Her er tabellen som viser korleis folketalet endra seg i fjor:

Folketal1. jan 20231. jan 2024Endring
Stavanger kommune146.011149.0482,1%
Finnøy kommunedel333334242,7%
Rennesøy kommunedel524352600,3%
Øy for øy
Finnøy198020332,7%
Fogn3363576,3%
Sjernarøy335334−0,3%
Talgje3013206,3%
Ombo2342381,7%
Halsnøy, Bokn og Byre147142−3,4%
Rennesøy skulekrets282528310,2%
Mosterøy skulekrets241824290,5%