Fredag ettermiddag var det rett etter kvarandre to trafikksituasjonar i Byfjordtunnelen.

Først var det ein tankbil som stansa i bakken opp frå tunnelen med for varm motor. Den kom seg vidare på eiga hand då den fekk kjølt seg ned.

Brann i personbil

Ein dryg time seinare begynte ein personbil å brenne eit godt stykke inne i tunnelen.

– Bilføraren, ei dame i 40-åra frå Sandnes, fekk i seg røyk og blei køyrt til legevakta, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:

– Bilbrannen førte til veldig mykje kø, og det tok to timar før bilbergar fekk henta bilen.

Påkjørsel bakfrå

Laurdag ettermiddag fekk ein motorsykkel stans i Mastrafjordtunnelen, men den blei raskt henta av bilbergar.

Søndag kveld klokka 19.25 var det ein ny episode i Mastrafjordtunnelen.

– Kø førte til at ein bil blei påkøyrt bakfrå av ein annan bil, seier Ellingsen.

Tunnelen var stengt i ein dryg halvtime.

– Den eine bilen måtte tauast vekk. Det var ingen personskade. Saka blei ordna med skademeldingsskjema, og politiet har ikkje oppretta sak, seier Ellingsen.