Sist veke var det mykje skiftande vær i øyane, med tordenvær og haglbyer onsdag morgon og relativt kraftig kastevind torsdag.

Fredag morgon låg eit epletre halvvegs ut i gangvegen gjennom Judaberg sentrum. Treet hadde blåst ned i hagen rett sør for Dickins bar og restaurant, i hagen til det som er ein sekundærbustad utan fast busetting. Treet blei raskt fjerna og saga opp til ved.

Den komande veka meldast relativt rolege vindforhold. Dei neste par dagane skal det bli ein heil del opphaldsvær, medan det frå tysdag skal bli ein del regn att.

Søndag klokka 08.00 startar årets hummarsesong. Då meldast opphaldsvær og svak vind frå aust på Judaberg.

Værvarsel for Judaberg dei neste dagane. Foto: Yr.no