15 år med garn og gongkaker på Judaberg

Kaihuset på Judaberg er 15 år. Det har vore 15 år med garn og gongkaker.

Lena Hebnes f.v og Tove Rosland er eit godt tospann på Kaihuset.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Men det har vore butikkfrift på huset lenge før det.

– Heilt sidan 1996 har det vore butikkdrift her, men ikkje slik som i dag. I 12 år dreiv me med sal av eigenproduserte husflidsprodukt. Butikken var berre open i helgene, og folk byte på å jobba. Etter kvart som interessa dabba av bestemte eg meg for å fortsetta å driva butikk, men som ein «forrektige» butikk. Dermed sa ho opp jobben i kommunen og blei butikkdame på heiltid, saman med Bente Tjelta og Sidsel Stangeland, fortel Tove.

– Eg har ikkje angra ein dag. Eg tykkjer eg har verdas beste jobb, og gler meg til kvar ny dag.

Unik butikk

Heilt fram til ferjene og hurtigbåtane flytta til den nye ferjekaien i 2010 blei ein del av Kaihuset brukt til venterom. Men, mange tykte det var kjekkare å komma inn i butikken for å venta på båten, dei kalla det gjerne for varmestuen, minnest Tove.

Framleis er det mange som tykkjer butikken er ekstra kjekk. Tove fortel om kundar som kjem frå Jæren i sør til Haugalandet i nord.

– Det er sjølvsagt kjekt at folk køyrer omvegar for å komma hit. Eg trur det er kombinasjonen av fagkompetanse og at me alltid har nysteikte gongkaker som trekkjer folk.

Nettopp fordi me er ein distriktsbutikk prøver me å legga vekt på å vera unike. Me er alltid på jakt etter nye produkt, produkt som er miljøvenlege, berekraftige og av god kvalitet, anten det er garn, barneklede, leiker eller interiørvarer. Det trur eg me står oss på i lengda, avsluttar Tove Rosland