Tysdag 19. mars klokka 18.00 blir det eit ope møte på Fogn oppvekstsenter om ordninga med gratis ferjer.

Arrangørar er grendelaga og bondelaga i øyane i Finnøy kommunedel. I tillegg til alle øybuarar inviterer dei representantar frå alle politiske parti i Stavanger kommune og Rogaland fylkesting. Politikarane som kjem vil få god taletid, lovar arrangørane i ei pressemelding.

Aktørar frå lokalt næringsliv vil sei litt om kva gratis ferjer har hatt å seia, ordninga som Rogaland fylkesting har vedteke å avvikle innan påske.

Elles vil Ole Olsen frå aksjonsgruppa «Nei til fjerning av gratis ferje» orientere om status for gruppa. Ordstyrar blir fognabu og tidlegare Hjelmeland-direktør Wictor Juul.

Under møtet blir det servert kaffi og litt å bita i, lokkar arrangørane.