Full sommar, men lite folk på strendene
Det verkar ikkje som det har gått opp for folk at det er midtsommar.
- Oddbjørg Måland
FINNØY- RENNESØY: Sommarvarmen har lagt seg over Ryfylke. Det brukar vanlegvis trekka folk til sjøen og ut i naturen.
Sjølv om badetemeperaturane ikkje er dei heilt store, er det likevel fint å ta seg ein picnic i det fri, spesielt når temperatuten er 27 grader. I går, torsdag, var den varmaste dagen i Finnøy hittil i år.
God plass på strenene
Øyposten har vore ein runde i distriktet for å sjekka korleis det ligg an. Er folk i feriemodus?
Me starta på badestranda på Fåholmen, «bystranda» midt i Judaberg. Men det var det ingen å sjå, verken på stranda eller i området rundt. Fantastisk vêr, sol frå skyfrihimmel, tropetemperatur og vindstille var ikkje nok til å lokka finnøybuen ut. For rundt to år sidan blei Fåholmen oppgradert med grill, båpanne, sittegrupper og bossdunk. I tillegg blei stien utvida og gjort tilgjengeleg for barnevogn og rullestol.
I Prestvågen derimot, var det folk som både bada og sola seg, og som hadde teke med seg lunsjen ut. Det var rett nok ikkje særleg mange.
Anne May Galta er i ferd med å rigga lunsjen i skuggen under eit tre. Ho og familien skal grilla.
– Me må jo nytta det fine vêret, smiler ho, og sett fram koppar og kar. Dei yngste familiemedlemmane utforskar sjøbotn og har fanga krabbar, bittesmå reker og ei miniatyr flyndre.
Internasjonalt i Norbøkrysset
På rasteplassen i Norbøkrysset er det meir internasjonalt. Unge, kule utlendingar med raske solbriller er på hiking på Vestlandet. Dei lagar mat på jetboil og overnattar i bilane sine. Det er forresten ein veksande trend blant unge, å sova i bilen. Dei me snakka med hadde køyrt Vestlandet rundt og gått alle dei obligatoriske toppturane. Her i området er det sjølvsgat Preikestolen og Kjerag.
– It`s awsome, smiler kjærasteparet frå Normandie i Frankrike.
Felix Spang frå Hannover er på rundreise i Norge. I går var han på Kjerag, og enda opp i Norbøkrysset i dag.
– Nei, eg hadde ikkje eit spesielt ønskje om å gå ut på bolten. Scary...meinte han.
Heller ikkje i Kvitevika var det trongt om plassen, sjølv ikkje på ein slik fin dag. Ettersom det nærmar seg fellesferie, er det grunn til å tru at fleire vil oppleva strendene, i alle fall viss det blir fleire dagar som denne.