FOGN:

Og det var akkurat det dei la opp til, då samtlege lag og organisasjonar gjekk saman og markerte dagen på laurdag.,

Det var lagt opp to turløyper. Dei son velde den lengste gjekk via Peråsen til Ørnakula og fekk dermed sjå den dagsturhytta, Ørnareiret. Den andre turen gjekk rundt Peråsen.

Mange byassar

- Dette er ein utruleg god idè, og ein ypparleg måte å markera dagen på. Det er jo akkurat det Nasjonalforeningen for folkehelse ønskjer; å få folk ut på tur. Og så kjekt å gå saman med nokon me ikkje kjenner. No veit eg mykje meir om denne øya, og eg har treft mange kjekke folk. Eg kunne jo ikkje la ein slik sjanse gå ifrå meg, seier leiar i fylkesstyret Hanne Eik. Ho kom saman med fleire veninner frå byen. For dei fleste var Fogn ei ny oppleving.

Og for fognafolket var det kjekt å få visa fram øya som den ypparlege turdestinasjonen den er.

I tillegg hyttefolk var fleire som hadde teke turen over fjorden frå Finnøy. Til og med ein med  ein entusiast med nyoperert tå stilla til start.

- Det er kjempekjekt at hyttefolk og andre utanbys frå kjem og vil vera med å markera dagen, det sett me pris på, seier nestleiar i fylkesstyret, Oddny Kjølvik frå Fogn.

Etter turane var unnagjort, blei turfolket servert tomatsuppe, laga på tomatar frå øya, samt kaker og kaffi. Messing, korpset på øya, nytta anledninga til å øva til 17.mai, til glede for alle som kosa seg med mat og kaffi.

Markeringa av dagen er med på å synleggjera frivillige organisasjonar og frivilligheitspolitikken i Norge. Målet er å bidra til auka deltaking, mangfald og bevisstgjering av den meirverdien frivillig sektor bidreg med i samfunnet.