Opparbeidinga av uteområdet på Leikvoll har starta

Årsmøtet i idrettslaget ga styret grønt lys til å starta «Prosjekt Uteområde»

Leiar i idrettslaget Erik Flesjå Johansen seier at utearealet vil ha noko for "alle" når det står ferdig. ||Uteområdet på Leikvoll, slik det skal bli.|
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

Etter at det nye idrettshuset sto ferdig på Leikvoll i februar 2020  har lite eller ingenting blitt gjort med utearealet. Intensjonen har heile tida vore å ferdigstilla anlegget i stil med huset.,

Idrettslaget skal legga 800 000 kroner i potten. I tillegg har dei fått 200 000 kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen SR-Bank som er øyremerka balansepark-utstyr frå Rampline.

Regionens finaste

- Nå som pandemien er fedig og det er mogleg å nytta anlegget på Leikvoll fullt ut, er det viktig for oss at dette ser skikkeleg ut. Etter gjennomføringa av uteprosjektet satsar me på å ha regionens finaste heimearena. Det skal vera kioskdrift enkelte dagar, aktiv leikeplass for born, terrasse der foreldre og tilskodarar skal ha det bra, samt eit fint og innbydande område å komma til. Det er sett ned ei prosjektgruppe som skal styra arbeidet vidare. Me håpar å ha det meste ferdig i løpet av året. Dersom nokon i det lokale næringslivet har lyst til å spela på lag her, på same måte som ved den solide sponsinga av idrettshuset, er det berre å ta kontakt med oss, smiler Heggelund.

Arbeidet med ferdigstilling av uteområdet er tenkt å føregå i tre delar.

Leikeplass for born, balansepark frå Rampline på Talgje., Tribuneterrasse i tre mellom stor og liten bane, Asfaltering, nye LED-lys, «ytre miljø» rundt inngangspartiet

Uteområdet på Leikvoll, slik det skal bli. Ill: Rampline

Slik skal utearealet på Leikvoll sjå ut når alt er ferdig.

- Desse tre prosjekta treng nødvendigvis ikkje ferdigstillast samtidig, eller ha same framdrift, men det er viktig å ha ein heilskapleg plan på korleis me ønskjer at området skal sjå ut før arbeidet byrjar. Det er arbeidet av balanseparken som allereie har starta, seier leiar i styret Bendik Heggelund.

Styret har lagt fram denne finansieringsplanen:

  • Eigenkapital 800.000 kroner
  • Spelemidlar 300.000 kroner
  • Gåver/tilskot private org. 500.000 kroner
  • Kommunalt tilskot 300.000 kroner
  • Momskompensasjon 400.000 kroner
  • Dugnadsverdi 200.000 kroner
  • Totalt: 2.500.000 kroner

Publisert: