Ida Reilstad Flesjå t.v og Thea Vignes føler seg heldige med sommarjobben. Her har dei kunder frå Karmøy. Elisabeth Amundsen, Odd Bernhard Pedersen og Linda Spongberg.

FINNØY:

Dei to jentene ordnar opp med kaffimaskin og kasse, smører gjærbakst, fyller på varer og serverer gjestene som om dei skulle ha gjort det alltid.,

Likevel har dei nettopp byrja i sommarjobben og stortrivast med det.

- Dette er kjempekjekt. Me har litt erfaring frå Landahuset der me har jobba litt, så me visste litt kva me gjekk til. Det som er så kjekt her at jobben er variert og alle dei kjekke folka me møter, det er mykje som skjer, fortel jentene.

- Er det mange turistar som kjem innom kafeen?

- Ja, dei fleste faktisk. Etter at bommen i Finnfast forsvann er det merkbart fleire folk frå byen og andre stader innom kafeen. Eg trur mange kjem innom fordi dei har lest seg opp på kva som skjer på Finnøy og har funne ut at det er Ryfylkekokken som driv kafeen. I tillegg er det jo ein god del hytte og -feriefolk som stikk innom på veg til eller frå øyane. Akkurat no er det i alle fall minst finnøyfolk her, smiler Ida.

Så blir Thea oppteken med nye kundar. Framføre disken står to ektepar med dialekt frå nordfylket og let seg inspirera av lekre smårettar.

- Me har aldri vore på Finnøy før, så dette var veldig kjekt. Tenk så heldige me er med vêret, det betyr mykje når ein er turist i eigen region, seier Elisabeth Amundsen frå Karmøy.

- Kvifor vil de besøka Finnøy?

- Bommen, sjølvsagt, eller rettare sagt, bommane, T-forbindelsen på Karmøy blei gartis same dag som Finnfast, fortel Odd Bernhard Pedersen.

- Nei, ikkje berre difor, korrigerer  Linda Spongberg, og held fram: Me har bestemt oss for å reisa på øyhopping rundt i området, og har vore på fleire øyar allereie. Finnøy var ein del av programmet, og då blir det slik. Det er alltid spennande å oppleva nye stader.

- Kva står på programmet?

- Kva anbefaler du? Me vil sjå mest mogleg, og gå i alle butikkane. Me har allereie vore i blomsterbutikken og lagt igjen nokre kroner, men me skal ta føre oss av alt som øya byr på. Så skal me få med oss middelalderkyrkja. Og tomatar med heim, sjølvsagt.