Gigantiske pærer frå Ombo

Pærer store som meloner veks i pærehagen til Roald Voll på Ombo. Den har han brukt eit tonn med dynamitt for å ordna til.

Pærer frå frukthagen til Roald Voll på Ombo. Pæresorten er så ny at han ennå ikkje har fått navn.|Ekteparet Marianne og Roald Voll inspiserer årets eplehaust. -Det er mange år sidan me har hatt så søt og velsmakande frukt som i år, seier Roald Voll.||Pærehagen er Roald Voll sitt hjertebarn. Eitt tonn dynamitt gjekk med for å planera området, kor han har planta til med pæresorten Celina. Ein sort som har teke verda med storm.|Pærehagen lavar av frukt med den nye pæresorten Celina, som er utvikla i Norge.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

OMBO:

Det er snart 20 år sidan han og Marianne kjøpte gartneriet på Ombo. Den gong bestod det av to drivhus, pluss 300 eldre frukttre.,

- Me måtte klatra som apekattar i trea under haustinga, minnest Roald Voll.

Sidan då er garden forvandla til eit eldorado av frukt, med strame rekkjer av tre på geledd som bugnar over.

Det nyaste, som er hans augestein, er pærehagen. Her har han planta ein ny sort som heiter Celina, ein heilnorsk sort som har tatt verda med storm.

Sorten er utvikla av Stein Harald Hjeltnes, ein tredje bror Hjeltnes, bror til Arne Hjeltnes i «Gutta på tur» og komikar og pianist Sjur Hjeltnes i Linda Eides språksjov.

 Pærehagen er Roald Voll sitt hjertebarn. Eitt tonn dynamitt gjekk med for å planera området, kor han har planta til med pæresorten Celina. Ein sort som har teke verda med storm.

Nydeleg plass

Pærehagen på Ombo er eit kapittel for seg, for det gjekk med eit tonn dynamitt for å sprengja og planera det åtte dekar store området før trea kunne setjast i jorda.

At ekteparet havna på Ombo var ein liten tilfeldighet. Dei såg først på ein gard på Halsnøy, men då den glapp fekk dei tips om gartneriet på Golf.

- Det er ein nydeleg plass, og idell for fuktdyrking. Skogen brekker av nordvesten, det er lunt, nær sjøen og mykje lys, seier ekteparet.

 Pærehagen lavar av frukt med den nye pæresorten Celina, som er utvikla i Norge.

Ekstra fin frukt i år

I år er frukta ekstra flott, på grunn av den fine sommaren og hausten.

- Det er mange år sidan me har hausta eple med så god smak som i år, seier Roald Voll.

 Ekteparet Marianne og Roald Voll inspiserer årets eplehaust. - Det er mange år sidan me har hatt så søt og velsmakande frukt som i år, seier Roald Voll.

- Dei norske epla er kjenneteikna av å ha kraftigare smak enn dei utanlandske, men har mangla litt sukker. I år er det på plass, seier han.

Fruktdyrkaren på Ombo har sitt eige triks for å mest mulig ut av trea. Han har dryppvatning, og tilset gjødsel direkte i vatnet. Gjødsla får han spesialblanda etter å ha sendt bladprøvar til eit laboratorium i Holland.

Resultatet er høge avlingar, som er godt over snittet, meiner Voll.

-  Dei fem siste åra har eg hausta i snitt fem tonn per dekar av sorten Summerred. Det blir sagt at for store avlingar gjer lite blomsterknopp neste år, men grensa for det har ikkje eg nådd foreløpig, slår han fast.

Publisert: