Skattejakt på øyane: Folk »gløymer» å avbestilla båtturen

Kommunen sitt initiativ til skattejakta på øyane har vist seg å bli ein svært populær aktivitet for barnefamiliar i sommar. Diverre får mange ikkje oppleva skattejakta fordi andre lar vera å avbestilla.

Det er mange som vil på tur med skattejaktbåten, men som let vera å avbestilla om dei ikkje  reiser.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

I dag, 27.juli var er det 41 personar, eller 40 prosent, av alle som hadde bestilt som ikkje møtte opp til avgangen frå Stavanger.,

Skattejakta føregår på Rennesøy, Mosterøy, Talgje, Finnøy, Fogn og Sjernarøyane fram til 22.august. På enkelte dagar sponsar kommunen gratis skattejaktbåt til og frå byen.

Kvar avgang med båten frå byen til øyane har så langt vore fullbooka, og mange som ynskjer å reisa har ikkje fått plass om bord. På andre sida opplyser Anne Strømberg Asti, som er medansvarleg for skattejakta, at kvar båtavgang går med 35 - 40 ledige seter. Det er personar som har bestilt plass men som ikkje dukkar opp.

- Det er typisk at slik skjer når ting er gratis, men det er utruleg synd at det har blitt slik. Dette opplegget er populært, og det er mange som vil vera med men som ikkje får anledning fordi andre ikkje bryr seg med å avbestilla. Difor oppmoda eg på sterkaste dei som ikkje vil, eller kan reisa, om å avbestilla. Kommunen må betala for alle setene om bord, også dei tomme, seier Strømberg Asti.

- Kva kan gjerast for å unngå problemet?

- Det er spørsmålet me jobbar med. No har me fått emailadressene frå Rødne, og skal senda ut påminning til alle som har bestilt tur i neste veke, som er dei to siste avgangene. me må læra av denne situasjonen om det blir aktuelt med liknande arranement i framtida. Når det er sagt går det framleis an å gå på skattejakt, den varerer heilt 22.august, men då må ein komma seg til øyane på eigen hand, men det ikkje problematisk, smiler Anne Strømberg Asti.

Publisert: