Ragnhild Valand er sjølv ein ivrig turgåar og målet hennar er å samla flest mogleg forskjellige turmål. Foto:Privat

FINNØY:

Appen Finnøy Topptur 2021 blei ein suksess frå dag èin, og har virka nøyaktig etter hensikta. Folk i Finnøy har gått mann av huse til toppar og fjell, dei aller fleste i regionen.,

- Dette byrja som eit koronatiltak. Når landet stengde ned og folk blei meir overlatne til seg sjølve, kom denne ideen om trimpoengappen opp. Me visste at Klepp kommune hadde stor suksess med appen, og tenkte at det kan me prøva i Finnøy også. Å gå tur i naturen har aldri ulovleg, tvert i mot. Men at appen skulle bli ein slik suksesshistorie, det tenkte me aldri. Det er sjølvsagt fantastisk at mange nye folk har oppdaga gleda ved å komma seg ut i naturen. Det er vanvitig mange turar og mil som har blitt tilbakelagt i løpet av året. Dette er folkehelse på sitt beste, fortel Ragnhild Valand i Frivilligsentralen.

Endå betre 

Frå 1.januar blir Rennesøy Frivilligsentral med på arrangørsida.

- Me er glad for at Rennesøy blir med. Sjølv om dette «berre» er ein app, er det mykje administrasjon. Med Rennesøy på laget er me meir robuste og har fleire å spela på lag med, og å dela utgiftene på.

Den nye appen er allereie oppe og går og heiter no Finnøy og Rennesøy Topptur 2022. Dei som var med i fjor treng ikkje lasta ned appen på ny. Men berre velja ny konkurranse. Så langt har rundt 150 teke appen i aktivt i bruk.

,-

Er det mange endringar i den nye appen

?,

- Litt, men ikkje mye, i så fall til det betre. Me har justert poengfordelinga litt. Det er lagt inn enkelte nye turmål og andre er tekne bort. I tillegg jobbar me med eit samarbeid med lokale bedrifter, men det er ikkje ferdig utarbeida ennå. Kanskje blir det også betaling for å vera med, men det er berre snakk om eit symbolsk beløp til premiar, avsluttar Ragnhild Valand.

Dette er oppsummeringa etter fjoråret:

Deltakarar:     702

Innsjekk:         30.389

Trekning/premiering:

Flest poeng:                Monika Stensland

Flest ulike turmål:      Lillian Sirevåg (149 av 169)

Poeng over 50.000:    Solveig Hovda

20.000-50.000:           Egil Nordbø

10.000-20.000:           Terje Kjølvik

5.000-10.000:             Randi Vatnaland Flesjå

2.000-5.000:               Terje Landa

1.000-2.000:               Hanne Lise Kvanvik

Under 1.000                Kjersti Kiledal

Tilfeldig trekning:       Ellen Gudmestad Gard

Best besøkt turmål:

Fogn: Peråsen – 2874 innsjekk

Talgje: Østabøvågen – 2220 innsjekk

Finnøy: Lauvsnesvatnet – 1074 innsjekk

Halsnøy: Halsnefjellet – 394 innsjekk

Sjernarøyane: Bjergøy-Fuglahammaren – 179 innsjekk

Ombo: Solberg – 41 innsjekk