Nokre av dei som var samla i går for å diskutera mottrekk mot forslaget om å flytta biblioteket i Rennesøy. Frå venstre Gunvor Eiane, Eli Rydningen, Vigdis Rognøy, Ann Kristin Sæther, Dagfinn Hausken, Anny Hatlen og Ingrid Løland. Foto: Privat

RENNESØY:

-Me vil starta eit innbyggarinitiativ for at heile kulturhuset inklusiv banken blir tatt i bruk som Rennesøy si store kulturstove, seier ein av initiativtakarane bak aksjonen, Ingrid Løland til Øyposten.,

I går var ei gruppe samla i drivhuset Alchemilla for å diskutera aktuelle mottrekk mot forslaget om å flytta biblioteket frå Kulturhuset Meieriet opp i det gamle kommunehuset. Forslaget skal diskuterast politisk på møtet i Sølvberget i dag, biblioteket i Stavanger, som biblioteket i Rennesøy nå høyrer til.

-Me ønskjer ikkje biblioteket skal gøymast bort endå meir i det gamle kommunehuset, som har dårleg inneklima og som mange meiner er overmodent for riving, held Løland fram.

Viss aksjonistane i Rennesøy klarer å samla 300 underskrifter, må saka bli tatt opp i kommunestyret i Stavanger.

-Det reknar eg me bør gå fint, seier Løland.

Ho fryktar at Kulturhuset Meieriet vil bli ståande igjen som eit tomt skall viss biblioteket flyttar ut.

-Me ønskjer ikkje at kulturtilbudet i Vikevåg skal bli ein salderingspost i den nye kommunen. Kommunen bør heller sjå Kulturhuset Meieriet og bankbygget i ein samanheng, og vurdera kjøp av bankbygget, som nå står tomt, som eit alternativ til det påtenkte nybygget i Vikevåg. Med den økonomien Stavanger kommune har kan det bli lenge til det nybygget er på plass, seier Ingrid Løland.

Høyre og KrF blei i går enige om å stilla på møtet i Sølvberget i dag med eit felles forslag. Det går ut på å senda forslaget om flytta biblioteket tilbake til administrasjonen, og at pengane som kan sparast på flyttinga i staden blir innarbeida i den ordinære drifta. Forslagsstillarane vil ha den varsla mulighetsstudien for innbyggartorget i Rennesøy på bordet før ei samlokalisering mellom torget, biblioteket og frivillighetssentralen blir vurdert. KrF og Høyre bed også om at mulighetsstudien blir gjennomført så raskt som mulig.

Forslaget om flytting av biblioteket kjem som ein følge av at Sølvberget har fått krav om å spara fire millionar kroner, og flyttinga vil ha ein gevinst på ein halv million, ifølge administrasjonen i Stavanger kommune.