Leiar Merete Meling Kindingstad inviterer store og små til Finnøy bibliotek i vinterferien.

-Me merkar godt at været ute nå gjer det meir freistande å nyta ei god bok inne, seier Merete Kindingstad til Øyposten.,

Då biblioteket var åpent i går var det mykje folk innom for å låna bøker og spel.

På biblioteket er det også mulig å henta premiar for alle som er med i Sommarles-kampanjen. Det er ein digital lesekampanje for barn frå 1. - 7. klasse.

-Nå er me tome for haitann- og smykkestein-premiar. Men det er framleis mulig å vinna fine viskelær, tøffe armband og jojo til å triksa med, seier Kindingstad. Bilblioteket på Judaberg og biblioteket i Vikevåg vekslar mellom vekedagane dei har åpent, slik at det alltid er mulig å låna ei bok i dei to kommunedelane, som det nå heiter. I morgon torsdag har biblioteket på Finnøy åpent frå to til seks.