Kommunen gir 20.000 til rydding av strender

Stavanger kommune har sett av 180.000 kroner til strandrydding i år, fordelt på 20.000 per kommunedel, uansett om det er lang eller kort kystlinje i kommunedelen.

Publisert: Publisert:
Juliane Thorbjørnsen frå Oslo og organisasjonen "In the same boat" var med på ryddekajson i Sjernarøyane i fjor. Nå¨har kommunen sett av pengar til frivillige lag og organsiasjonar som vil gjera ein innsats for reinare strender.

FINNØY-RENNESØY:

Forslaget kjem opp på møta i kommunedelsutvala, kor det kan bli debatt om fordelinga av midlane.,

For i forslaget frå kommunen er det sett av inntil 20.000 kroner per kommunedel, sjølv om det i ein kommunedel som Hillevåg til dømes er ei mykje kortare strandlinje enn i Finnøy og Rennesøy.

Viss forslaget blir banka gjennom, blir det søknadsfrist 20. mars i år. Beløpet skal vera eit eingongs beløp, og er mynta på frivillige lag og organisasjonar i kommunen.

Det blir gitt støtte til alt frå organisering av arbeidet, til kaffi og noko godt å bita i under aksjonen og bortfrakting av avfallet. Strandryddinga må vera gjennomført før første oktober, og minimumsbeløpet som det går an å søka om er sett til 5000 kroner.