RENNESØY:

Dei tilsette ved tannklinikken i Vikevåg fekk den lite hyggelege beskjeden for ei veke sidan.,

Det er Rogaland fylkeskommune som har ansvaret for klinikken, og saka skal opp til behandling i styret for Rogaland Tannhelse på fredag. Forslaget går ut på å leggja ned tannklinikken i Vikevåg frå neste årsskifte, 2021-2022. Også fylkesutvalet og fylkestinget skal få seia sitt.

Randaberg eller Bjergsted

- Eg trur det er mange i Rennesøy som kjem til å bli lei seg viss det ikkje lenger skal vera tannklinikk her, seier tannlegeassisten Hege Skogland til Øyposten.

Rennesøy-kvinna har sjølv nytta seg av tannklinikken sidan ho var ein neve stor.

-Me har fulle lister kvar dag, folk i alle aldrar brukar oss. For dei eldre på pleie- og omsorgsheimen ligg me veldig gunstig til, så behovet for ein tannklinikk her, det er der, slår Skogland fast.

Viss det blir vedtatt at tannklinikken skal leggjast ned, håpar ho at den vil bli slått saman med klinikken i Randaberg.

-Men nå er me i Stavanger kommune, og det er også ein mulighet for at me havnar i Bjergsted. Det vil i såfall bety endå lenger ved til tannlegen, seier ho.

Ingen kommentar,

-Er tannklinikken på Finnøy eit alternativ?

-Ikkje så lenge det ikkje går buss dit, noko som Tannhelse Rogaland har tatt opp fleire gonger, seier Hege Skogland.

Leiar i styret for Tannhelse Rogaland, Tore Nordtun, er uvanleg lite snakkesalig om saka, men ynskjer å avdramatisera situasjonen.

-Eg kjem ikkje til å seia eit ord om saka før ho er ferdig behandla i styret. Men det fleire alternativ som ligg på bordet, konklusjonen er på ingen måte bombastisk. Det er bare eit mulig scenario, understrekar Nordtun.

-Men det står i forslaget?

-Ja, som eit alternativ.

-Kva andre alternativ er det?

-Eg vil ikkje seia meir om dette før saka har vore behandla i styret.

-Er dette ei vanskeleg sak?

-Ikkje spesielt, men eg er oppteken at styret skal levera ein klinikkplan som fylkespolitikarane kan ta stilling til, seier han.