"Rygerfjell" blir ferja som nå skal inn i sambandet til øyane i Ryfylke som ikkje har ferjekai. Ferja får utgangspunkt på Nedstrand. (Foto: Rune Nedrebø)

STAVANGER:

Rødne er leig inn av Norled til å driva det nye sambandet inntil den nye batteriferja som Norled skal driva er klar. Det skjer først sommaren 2022.,

"Rygerfjell" skal liggja fast stasjonert på Nedstrand, og vil få eit mannskap på tre. Ferja skal trafikkera alle øyane som ikkje har ferje i ryfylkebassenget, dvs Bokn, Byre, Foldøy, Heng, Sør-Hidle og Brimse pluss Helgøy i Hjelmeland, til øya får bru. Men ferja skal også gå innom Helgøy  og Judaberg, og skal også kunna stikka baugen oppom Østhusvik.

Ein gong i veka blir det også tur til byen. For Rødne utgjer kontrakten ein verdi på 10-12 millionar i året.