Ragnhild Valand t. v og Brenda Koldstadløkken har starta ein tradisjon med julegåveinnsamling i Finnøy. Foto: Oddbjørg M. Måland

FINNØY: Ragnhild Valand i Frivilligsentralen og Brenda Kolstadløkken på kyrkjekontoret har gått saman om ein innsamlingsaksjon for å hjelpa folk i Finnøy som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon no fram mot julehøgtida.,

- Me sat på eit møte om diakoni på Bethel i slutten av oktober då me fekk høyra ein inspirerande diakon ifrå Ålgård fortelja om innsamlingsaksjonen dei har drive kvar jul for å gjera julehøgtida litt lettare for dei som slit økonomisk. Me såg på kvarandre samtidig, og begge tenkte same tanke; dette kan me føra vidare i Finnøy. Dermed heiv me oss rundt og snakka med blant anna NAV som kunne seia litt om behovet i denne delen av kommunen. Etter kvart har me høyrt at det er fleire kommunedelar som gjer det same, fortel Valand.

- Det er nå ein gong slik at det er mange utgifter for alle i jula. For ein del vert dette ein ekstra krevjande situasjon, og kanskje ekstra utfordrande i år på grunn av korona-situasjonen.  Difor tykte me dette var ein god idé. Nokon kan ha blitt permittert eller mista jobben i desse tider, og elles kan det vera tilfeldigheiter som gjer at økonomien er trong, og då kan ei utstrekt hand letta litt på trykket, seier Kolstadløkken. Det er fint å kunna hjelpa kvarandre der me kan.

Målet dei har sett seg er å samla inn 10 000 kroner.

- Me er sjølvsagt kjempeglad for alt me får. 10 000 er eigentleg berre eit tal me tenkte ville vore fint, men kvar krone hjelper. Mange tykkjer nok det er vanskeleg å be om hjelp, difor håper me at denne måten å hjelpa på kan bidra positivt, seier Valand.

Når aksjonen er avslutta den 3. desember, skal pengane brukast til å kjøpa gåvekort på Coop, og NAV Rennesøy og Finnøy vil formidla dei vidare.

Vil du vera med å gi kan du vippsa til:132972 – julegåveaksjon, eller bruka kontonummer: 334 73030301.