Grieg kan spara millionar på halv ferjebillett

Når ferjeprisane blir kutta slik fleirtalet på stortinget er enige om, er det store pengar å spara for mange i Finnøy.

Laksetrailarar rullar i ein jamn straum frå Grieg sitt slakteri på Helgøy. Godstrafikken skal også få glede av kuttet.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Ap, Sp, SV, Rødt og Frp blei måndag enige i Stortinget om lågare ferjeprisar. Også Mgd signaliserte støtte til foslaget.,

– Stortinget ber regjeringen komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2021 med forslag til reduserte fergetakster allerede for inneværende år, og en forpliktende plan for halvering av fergepriser på både riksvei- og fylkesveisamband. Løsninger for lavere takster for pendlere skal prioriteres og reduksjonen skal finansieres av staten, heiter det i vedtaket.

Ei halvering av ferjetakstane vil bety store pengar spart for næringslivet på «ferjeøyane» i Stavanger. For trailerane som køyrer til og ifrå Grieg Seafood på Helgøy vil det utgjera rundt 2.8 millionar kroner spart i året.

Styrkar konkurransen

- For Grieg Seafood vil lågare transportkostnadar gjera oss endå meir konkurransedyktige på laksen me leverer ifrå slakteriet på Helgøysund. Ein prisreduksjon betyr i tillegg mykje for verdiskapninga i distriktet, seier økonomisjef Erlend Halsne i Grieg Seafood til Øyposten.

- Ferja  er vegen vår, så dette er godt nytt, seier Kristoffer Østhus i Østhus Bygg og Maskin.

Dagleg pendlar rundt tre bilar ifrå firmaet hans mellom Fogn og Judaberg.

Ifølge Østhus vil reduksjonen i ferjeprisane utgjera rundt 75 000 kroner i året når prisen blir halvert.

Vågar ikkje jubla ennå

Ein annan som er begeistra for priskuttet er Lars Endre Eike frå Halsnøy som er elektrikar og jobbar på Rennesøy. Kvar dag pendlar han med ferja ifrå Halsnøy til Judaberg og betaler 61 kroner per veg. I løpet av eitt år blir utgiftene rett i underkant av 30 000 kroner.

- Ei halvering vil merkast godt, og eg er sjølvsagt svært glad viss det blir slik, men eg vågar ikkje sleppa jubelen laus heilt ennå. Eg tykkjer det er på sin plass at me som pendlar med ferje og betaler i tunellen, skal få litt i retur, seier Eike.

Løysningar for lågare takstar for pendlarar skal prioriterast og reduksjonen skal finansierast av staten, skriv partia i forslaget til stortinget.

Publisert: