Marit Sundsvik Bendixen er ny fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

STAVANGER:

Marit Sundsvik Bendixen (64) har dei siste åra vore assisterande fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland, med ansvar for forureiningsseksjonen. Ho kjenner både avdelinga, oppgåvene og embetet godt.,

Ingeniør med sterkt miljøengasjement

Bendixen er frå Stavanger, men har budd i Sandnes dei siste 40 åra. Ho er utdanna ingeniør innan teknisk miljøvern og begynte hos Statsforvaltaren i Rogaland alt i 1998.

- Eg er veldig opptatt av miljø- og naturvern. Derfor har eg lyst å ta ansvaret for dette viktige arbeidet. Dessutan er formidling, det å skapa forståing slik at ein kan ta miljøvennlege val, noko eg brenn for, seier Bendixen.

Overtar 12. april

Det var 11 søkarar til jobben som fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør i miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren Rogaland.

Bendixen overtar formelt 12. april.