Butikksjef Anita Henden (t.v.) saman med Ann-Elin Tjemsland Løvik. (Foto: Coop)

VIKEVÅG:

Ann-Elin Tjemsland Løvik har jobba som frukt og grønt ansvarleg hos Extra i Vikevåg i fem år.,

"Ho er kreativ og har stål-kontroll på avdelinga si. Ho er omsorgsfull og hjelpsom og veldig godt likt av alle kollegaene sine", heiter det i pressemeldinga frå Coop.

Sjølv har ho dette å seia om arbeidet sitt i Rennesøy-butikken:

-Eg har lært kor viktig det er med planlegging når det gjeld bestillingar, det å byggja opp torg og eksponering av varer i forhold til kundene. Eg har lært kor viktig det er å ha fokus på kampanjar, sesong og bruttovarer, og det å setja seg salgsmål både for heile avdelinga og for enkeltprodukt. Det er også viktig å å inkludera kollegar slik at det er godt fokus på avdelinga gjennom heile sesongen, uttalar Ann-Elin Tjemsland Løvik.

Coop håpar at ho skal vera eit førebilete og inspirasjon for alle andre som vurderer ein karriere i butikkfaget.

-Me ser nå under covid-19 perioden kor viktig vårt yrke er for folk flest. Det finst sikkert fleire som er skuleleie eller som vurdere eit anna yrke enn det dei har idag. Butikk faget passar for dei som likar å ha mange kollegar samt kundekontakt kvar dag.

Det er meir enn nok av oppgåver som skal utførast før dagen er over, noko som gjer at tida flyg når det er travelt, skriv Coop i pressemeldinga.