Leiar for Finnøy kommunedelsutval, Birger W. Hetland (Sp) .

FINNØY:

Det nye Innbyggartorget på Finnøy åpna dørene på torsdag, og nå skal det fyllast med innhald. For kaféen til Ryfylkekokken skal ikkje vera det einaste torget skal by på. Dei flotte lokala skal også kunna lånast ut til lag og organisasjonar med mulighet for matservering, og det skal vera ein møteplass for for alle i Finnøy.,

Difor vil ogå kommunedelsutvalet vera representert. Kommunedelsutvalet er tillagt ei større oppgåve i den nye kommunen, enn bydelsutvala var i gamle Stavanger. Dei skal høyrast og dei skal kunna ta opp saker sjølv.

Birger Hetland og dei andre i kommunedelsutvalet vil difor sørga for at det kva tysdag skal vera minst ein får utvalet til stades. Birger W. Hetland tek sjølv sikte på å vera der ofte om tysdagane.

-Det kan koma mykje fornuftig ut av ein diskusjon over ein  kaffikopp. Folk er velkomne til å lufta det dei har på hjerta, seier Hetland.

-Viss nokon har eit naust dei vil byggja så kan dei koma til deg?

-Egf kan ikkje forskottera kva utfallet blir av det. Men viss nokon har eit gangfelt dei meiner bør på plass eller ei anna sak som kan gjera det betre å bu i Finnøy, så la me få høyra om det. Så kan me prøva å ta det vidare til der avgjerdene blir tatt, seier Birger Hetland.