Det seier leiar i Arbeidsgruppa for Øyfast, Ludvig Skretting i ein kommentar til Øyposten sin artikkel 29. august. I samband med det nært føreståande kommunevalet har avisa stilla dei forskjellige politiske partia fem spørsmål om Øyfast.,

Det var til dels svært stor sprik i svara; både ja, tja og nei, men Skretting er ikkje forundra over det som har kome fram i spørjeundersøkinga.

- Det var som venta. Dei forskjellige partia har ulike verdigrunnlag som ligg i botn for saker dei prioriterer og kjempar for. På same måte som eg jobbar for min hjartesak, å få realisert Øyfast. Det er viktig å ha respekt for kvarandre sine synspunkt og verdiar.

Arbeidsgruppa for Øyfast som Skretting leiar, arbeider etter politiske føringar og mandat som eit samrøystes kommunestyre i Finnøy har vedteke, og han ynskjer ikkje å kommentera dei enkelte påstandane eller spørsmåla, men vil heller uttala seg på generelt grunnlag.

- Dei som seier nei til Øyfast, seier samtidig ja til at dagens situasjon med ferjer og hurtigbåtar skal fortsetta. Viss så skjer går Ryfylke og dei ikkje-landfaste øyane ei usikker framtid i møte. Eg har sitte i Ruterådet i 15 år, og veit kva som er situasjon når det gjeld drift av ferjer og hurtigbåtar. Det blir stadig dyrare å halda ferjer og hurtigbåtar gåande, samstundes som overføringane frå staten blir mindre. Det stilles heile tida større krav til kutt, effektivitet, sikkerheit og miljø. Desse tinga blir det ikkje mindre av i framtida. Ruter vert endra og avgangar forsvinn.

Skretting meiner det er svært uforutsigbart å satsa på båtar i framtida, og det kan få store konsekvensar for busetting og næringsliv på øyane.

- Me har alle sett kva som skjedde med Finnøy og Talgje etter Finnfast. Det er all grunn til å tru at det same vil skje på dei andre øyane. Å drifta ferjer og hurtigbåtar i framtida vil bli mykje dyrare enn å finansiera Øyfast til rundt3,5 milliardar kroner, det er heilt sikkert. Prisen i finnøysambandet har auka med mange titals millionar kroner dei siste åra, og rekninga er det innbyggarane som må ta. Jo meir eg ser av denne utviklinga, jo tryggare blir eg på at Øyfast er det einaste og beste alternativet, seier Ludvig Skretting.

Oddbjørg M. Måland