Sjaluppen "Restauration" under fulle segl.

MILJØSLEPP ELLER MILJØSLUPP ?,

"Smuler fra de rikes bord"

Som så mange andre skuelystne øybuar, var også underskrevne tilskodar til lysshovet utanfor kaien på Judaberg. Dette foregår frå datogrense til datogrense, rundt heile kloden. Føremålet ? Blott til lyst !

Kva er prisen ? Hundrevis av millionar, kanskje milliardar går i lufta, berre i vårt land denne natta ! Årleg vert det også meldt om personskadar og brannar i kjølvatnet av aktiviteten. Kjæledyra treng krisepsykiatri. Men kanskje den største prisen, etter personskadene, er forurensing av atmosfæren ??Kor mange tonn ekvivalenter, eller kva det heiter, belastar me atmosfæren med i dette døgnet, veit ikkje eg, men det er sikkert betydeleg. I tillegg kjem det fysiske avfallet, på ønska og uønska stader.

Etter mi meining, kunne desse pengane blitt brukt meir fornuftig. Kva kunne ein ikkje fått til, berre her lokalt, for dei pengane som forsvinn i lufta over Judaberg og Vikevåg. Vi er samd med Øyposten at felleopplegg er betre enn privat intiativ.Men kvifor heller ikkje forby heile greia ? Fellesopplegg kan jo heller ikkje dekka alle, verken i Stavanger, eller elles rundt om  i landet - gjera seg til fant for smuler, seier Øyposten, om budsjettkutt om fyrverkeri i Finnøy og Rennesøy, i 2020 budsjettet. Eit offentleg budskjedd består av smular !

Stavanger kommune avviste også eit økonomisk ansvar for å halda "Resturasjonen"-sluppen i drift. Den nye stor- kommunen forvaltar "smuler fra de rikes bord" Å bruka desse smulane på utvandrarsluppen i staden for å senda dei i lufta for ei kort nyting.

Eit forbud om utskyting vil vera lettast å forstå, hvis det gjeld alle ! Difor nei til meir utslepp, ja til sluppen, som ikkje belastar miljøet. men går på vind og straum.

Tarald Lauvsnes