Rett å skjerpa skatten for Finnøy, meiner kommunalministeren

Kommunalminister Bjørn Arild Gram (Ap) meiner skjerpinga av arbeidsgjevaravgifta for Finnøy er rett ifølge regelverket, og viser både til folkeveksten i kommunedelen og at Finnøy er blitt med i Nye Stavanger.

Publisert: Publisert:
Kommunalminister Bjørn Arild Gram (sp) meiner det som er gjort er rett, etter regelverket.

FINNØY

: I sitt svar til Frps Terje Halleland viser kommunalministeren til at både Finnøy og Vindafjord, som begge fekk skatteskjerping frå nyttår, har hatt ein sterk vekst i folketalet.,

"Finnøy er for øvrig nå slått sammen med en av Norges mest sentrale kommuner, Stavanger", skriv Gram mellom anna.

Rett nok har det vore ein nedgang i sysselsettinga, men det må sjåast i samanheng med "den utviklingen Finnfast har ført til. Finnøy er mer enn før et innpendlingsområde til Stavanger", skriv kommunalministeren mellom anna i svaret til Halleland.

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er det viktigaste distriktspolitiske verkemidlet regjeringa har, skriv Gram, men han meiner andre kommunar har større behov for denne ordninga enn Finnøy og Vindafjord.

"Hensikten med ordningen er å hindre eller å redusere nedgangen i folketallet. Når vi reviderer ordningen regelmessig, må vi vurdere og sammenligne alle kommuner på nytt for å undersøke om behovene har endret seg.

I denne revisjonen har vi sett at andre kommuner har et større behov for å være med i ordningen enn Vindafjord og Finnøy, innenfor de rammene som retningslinjene setter, og ut fra de kriteriene som benyttes for å sammenligne ulike kommuner", skriv kommunalministeren mellom anna i sitt svar.

Terje Halland er stortingsrepresentant frå Frp.

Frps Terje Halleland meiner svaret frå kommunalministerenb er skuffande.

-Eg er veldig skuffa over svaret, og over at Finnøy skal straffast for å bli med i Stavanger. Eg kan ikkje sjå noko som helst som er endra for Finnøy sin del frå tidlegare. Grunngjevinga frå kommunalministeren framstår som ei rein unnskyldning for det som er gjort, seier Halleland til Øyposten.

-Er det mulig å gjera noko med dette?

-Heilt klart, viss viljen er til stades. EU slår jo fast at det er fullt mulig å ha ulik arbeidsgjevaravgift innanfor ein og same kommune, meiner Terje Halleland.