Slik vil dei nye branndepota sjå ut.

FINNØY:

Det er sett av tre millionar kroner til tiltaket, og kommunedirektøren beklagar i ei sak til politikarane at det ikkje har skjedd noko ennå. Men nå skal det meste vera på plass, slik at bygging kan begynna. Det er inngått avtale med private grunneigarar om ei leige på 1500 kroner per månad. På Fogn gjeld det Joker Fogn, mens det er grensahusa på Ombo og Sjernarøy som stiller grunn til disposisjon. På Halsnøy skal bygget stå på kommunal grunn. Rogaland Brann og Redning skal føra tilsyn med alle depota.,

Bare på Halsnøy og Sjernarøy kan det ta litt lenger tid, sidan det her er nødvendig med dispensasjon frå reguleringsplanen. Saka kjem til politisk behandling neste veke i utvalet for miljø og utbygging, og sidan saka er godt kjent nøyer kommunen seg med å orientera kommunedelsutvalet i Finnøy i ettertid.

Kvart bygg vil bli enkelt innreidd med plater på innvendige vegger og noko brannutstyr. Dei skal utstyrast med automatisk port med kode, samt dør på langside med nøkkel for god tilkomst ved alarm. Bygget vil ha straum og oppvarming, men ikkje innlagt vatn. Størrelsen blir på rundt 30 kvadratmeter, og kostnaden for kvart depot er 750.000 kroner.