Snart forsvinn den tette granskogen framføre husvindaugene og Randi Vaula og familien kan snart få sjå sjøen igjen. Foto:

RENNESØY:

I to år har velforeninga i Eltarvåg jobba med å få kommunen til å rydda skogen, slik dei blei lova.,

- Det er fantastisk at arbeidet endeleg er i gang. For seks år sidan såg me sjøen og flammen på Kårstø, men no er det heilt gjengrodd her, fortel Randi Vaula som tidlegare har vore leiar i velforeningen.

Området kor skogen ligg er mørk og ugjennomtrengeleg av høge siktagranar. Eit forfallent fotballmål fortel at området har vore brukt til leik og rekreasjon.

Turområde

- Det er jo akkurat det me ynskjer å ta tilbake. Dette området er fantastisk flott med mange turmoglegheiter. I enden av byggefeltet er det blant anna ein freda lerkeskog som går langs bebyggelsen. Det er også ei idyllisk elv som gjennom bustadfeltet. På våren er det tett i tett med av kvitveis langs heile elva. Ovanfor husa er det rikeleg med turmoglegheiter, blant anna til Austbøstemmen kor det er fint å bada og til Anservarden. Difor er det veldig kjekt at skogen no blir rydda slik at me kan tilbake den flotte utsikten.

Ein annan som er glad for å få utsikten tilbake er Knut Morken.

- Då me bygde her i 1994, var heile landskapet ope. Huset blei bygd på svaberga, men det gjekk ikkje lang tid før landskapet var heilt gjengrodd. Nå er det rett nok ikkje verst for oss, for huset ligg slik til at me kan sjå litt av sjøen, men for mange av naboane blir det som ei ny tomt, fortel Knut Morken som også har vore leiar i velforeninga i Eltarvåg. Han held fram: Det blir heilt klar lysare og lettare i området, og berre det blir ei stor forbetring, seier Morken.