Ingen innvendingar mot skjenking på Tomat-quizen

Politiet har ingen innvendingar mot at det blir gitt skjenkeløyve under Tomatfestivalen.

Politiet ser ingen problem i at det blir skjenka under Quizen på Tomatfestivalen, kor Gisle Børge Styve og Heine Totland blir med.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

FINNØY: Det er i forbindelse med Quizen i fleirbrukshallen at det er søkt om skjenkeløyve. Politiet har ingen «ordensmessige» innvendingar mot at det blir skjenka under dette arrangementet.

Det er forventa inntil 450 gjester på Quizen, kor ingen ringare enn musikarane Gisle Børge Styve, kjent frå NRK-programmet «Beat for Beat», og Heine Totland blir med.

Sidan det er lagt opp til servering ved borda av servitørar, trengs det heller ikkje vakter godkjende av politiet. Det er nok med frivillige vakter, heiter det i uttalen frå politiet.

  1. Quiz