Jan Sigve Eike frå Halsnøy Grendalag under eit tidlegare møte om ruteopplegget for hurtigbåtane, her saman med Birger W. Hetland (i bakgrunnen).

FINNØY:

Forslaget blei vedteke samrøystes i samferdselutvalet sist veke, men skal vidare til fylkesutvalet og fylkestinget. I fylkesutvalet står saka på dagsorden alt om ei veke, tysdag 5. april.,

Det nye ruteopplegget vil bety at pendlarruta til frå Sjernarøyane, Ombo og Halsnøy ikkje er på Judaberg før klokka 08.10,  eit kvarter seinare enn i dag.

Det gjer at pendlarar som begynner på jobb på Finnøy klokka 08.00 kjem for seint på jobben.

Båten går vidare til Fogn og Talgje, og er etter det nye opplegget på Tau 08.35, mot 08.20 i dag. Dermed vil elevane frå Finnøy som går på Strand vidaregåande koma for seint til skulestart. Det er 50 elevar frå Finnøy som går på Strand vidaregåande, kor skuledagen begynner klokka 08.30.

Hurtigbåtar ved kai på Judaberg. Det nye forslaget til ruter skaper sterke reaksjonar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Strand vidaregåande var ikkje oppmerksom på problemet då Øyposten tok kontakt, og har nå henvendt seg til gruppeleiarane i fylkestinget for å gjera dei oppmerksom på situasjonen.

I tillegg er det 30 elevar frå kommunedelen som går på Tryggheim Strand, men her får Øyposten opplyst at dei har ein viss mulighet til å tilpassa skuledagen etter skulesyssen.

Grendalaget på Halsnøy reagerer kraftig på det nye forslaget.

-Mesteparten av dei yrkesaktive på Halsnøy pendlar av øya, og det nye opplegget passar svært dårleg for dei som begynner på jobb på Finnøy klokka 08.00, seier Jan Sigve Eike, medlem av grendeutvalet, til Øyposten.

Heilt uakseptabelt

Han synes også det er heilt uakseptabelt at opplegget ikkje tek hensyn til skuleelevar som pendlar til Strand. Grendalaget reagerer også på at elevane i barneskulen frå Halsnøy, i det nye opplegget får lengst reisetid av alle. I dag går skuleruta kvart på tre om ettermiddagen, og har Halsnøy som første stoppestad. I det nye opplegget går ruta først til Sjernarøy, så til Ombo for å fortseja vidare mot Fister.

-Halsnøy er den einaste øya som ikkje har barneskule, og så skal skulebarna vår få lengst reisetid. Det rimer ikkje, meiner Eike.

Førsteklassingar må reisa åleine

Dei minste elevane frå Halsnøy  har reisefølge, men reisefølget er frå Ombo, og går av der. Dermed må desse elevane reisa den siste biten åleine.

-Det er ein situasjon dei som har vedteke rutene ikkje har tenkt på eller vore oppmerksom på, kan eg tenkja meg, seier Jan Sigve Eike.

Det nye opplegget passar også dårleg for tilsette på sjukeheimen eller Fåtunet som nå kan ta hurtigbåten klokka 22 heim søndag kveld. Men denne avgangen er framskunda slik at det ikkje er noko alternativ. Dermed kjem dei seg ikkje heim før etter midnatt søndag kveld.

Det nyte opplegget skapar også tilsvarande problem for Ombo, kor det i helga blei danna pendlarforening som skal samordna interessene der på øya. Foreninga har 20 medlemmer, og representerer 15 berørte familiar.