Knallstart for Bygdakokken på Innbyggartorget

Vel tre veker etter oppstart går kafeen på innbyggartorget så bra at Bygdakokken no utvidar opningstidene.

Bygdakokken Joakim M. Wiborg med signaturretten: Club Sandwich. - Det er utan tvil bestsellaren, seier Wiborg.|Kjekt med kafeè på huset tykkjer f.v: Unn helgesen Linde, Linda Vestersjø og Karl Severinsen som jobbar på innbyggarservice. |Lekre heimelaga kaker med spiseleg pynt. |Danske rugbrød av ulike slag er populært. Her med roastbeef og potetsalat.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

- Det er eit luksusproblem at me etter så kort tid må jobba meir og springa fortare, smiler Joakim M. Wiborg.,

Etter at Ryfylkekokken la ned drifta av kafeen i fjor var det mange som venta på eit nytt kafètilbod i Judaberg sentrum.

Mange nye fjes

Med brask og bram blei kafeen opna 1.mars med eit breitt samansett smakspanel som åt seg gjennom ein lang og variert meny.

 Danske rugbrød av ulike slag er populært. Her med roastbeef og potetsalat.

- Kanskje er det berre nyheitsinteressa som ikkje har lagt seg ennå, det veit ein jo aldri. Det er uansett veldig kjekt å kunne driva kafeen etter eige forgodtbefinnande og eksperimentera med matvarer og gode smakar, seier Joakim og held fram:

- Så er det og veldig kjekt å registrera at nye fjes stadig vekk dukkar opp. Eg reknar med det er ein del som kjem frå dei andre øyane og frå byen. Spesielt søndagen me hadde ope, var det mange hyttefolk som kom til Judaberg med ferje frå dei andre øyane, og som var innom og åt middag på veg heim. Og minst like kjekt er det å sjå at finnøybuen er trufaste gjester og folk på huset som tek lunsjen sin her. Det er det som gjer at me no opnar kafeen på fredagar og forlenger opningstida på torsdagar.

 Kjekt med kafeè på huset tykkjer f.v: Unn Helgesen Linde, Linda Vestersjø og Karl Severinsen som jobbar på innbyggarservice.

Menyen er som sagt variert med kalde og varme rettar, kaker, gjærbakst og småsnacks.

- Dette ligg vel an til å bli signaturretten, seier Joakim og held fram ein raus tallerken med to store doble blingsar med rikeleg med steikte poteter ved sida. Club Sandwichen har blitt kjempepopulær og står alltid på menyen.

,-

Folk vil ha andre ting og?

- «Dagens», som er typisk husmannskost sel godt. Det kan vera kjøttkaker i brun saus, laks eller komla. Denne menyen varierer ofte. Også kaker går bra. Mange vil berre innom og ha seg ein kopp kaffi og då er det jo alltid godt med litt søtt til.

 Lekre heimelaga kaker med spiseleg pynt.

Spesialarrangement

Joakim legg vekt på at han ønskjer å laga god mat for alle. Ikkje for dyrt eller for komplisert, men noko som treff smakslaukane hjå alle, unge og eldre. Prisane skal vera moderate og porsjonane rause.

- Eg vil ikkje at gjestene skal gå svoltne herifrå. Viss det er nokon som ønskjer seg ting, er det berre å komma med forslag så skal eg vurdera om det går an å fiksa det. Kjøkenet her er ikkje all verdas stort, men det er mykje som går an likevel.

Planen framover er å gjennomføra fleire arrangement i kafeen, spesielt i samband med påsken og 17. mai.

- Facebooksida vår er straks på plass. Der vil ein kunne halda seg oppdaterte med det som skjer på kafeen, menyar, prisar, opnigstider og liknande, avsluttar Bygdakokken, Joakim M. Wiborg.

Publisert: