Nyferja MF "Nesvik" går i sambandet Hjelmeland-Nesvik.

FINNØY:

Det blei nye ruter i trekantsambandet Ombo-Hjelmeland-Nesvik frå måndag 4. april, opplyser Norled.,

Endringane gjer at det blir uhyre knapp tid å nå ferja på Skipavik for reisande frå Eidssund om ettermiddagen. Kjem dei til Eidssund 15.05 er det bare 10 minutt til ferja går frå Skipavik, eller ein time og 10 minutt til neste.

Endå knappare tid er det viss du kjem frå Judaberg-ferja som er på Eidsund klokka 16.10. Då er det bare fem minutt til ferja går til Hjelmeland, og neste ferje går to timar seinare. Eit kjapt blikk på rutendringane tilseier at dette er dei mest utfordrande endringane for reisande i Finnøysambandet som skal vidare til Hjelmeland.

-Dette er to separate samband, og det er ikkje lagt opp til at dei to sambanda skal korrespondera. Det eine sambandet legg Kolumbus rutene for, og det andre er det Statens vegvesen som ordnar rutene for. Men me har prøvd å påverka, slik at dei skal passa med kvarandre best mulig, opplyser Anette Røberg, driftsleiar i Norled til Øyposten.

Statens vegvesen ønskte endringar i rutene for å få best mulig forbindelse mellom  Hjelmeland og Nesvik om ettermiddagen for å unngå køar.

Ifølge dei nye rutene har reisande frå Sjernarøyane om morgonen har ein time på seg før ferja går 10.15. frå Skipavik. Skal dei til Suldal går turen via Hjelmeland. For reiande sørfrå Judaberg har dei 40 minutt på seg til å rekka den ferja, og 35 minutt til neste klokka 11.35 som også går via Hjelmeland. Returen rekk ferja klokka 17.00 på Eidsund sørover og 16.10 til Sjernarøyane.