Ordføraren bed om ny runde om Finnøy-skjenking
Ordførar Dagny Sunnanå Hausken bed kommunen ta ein ny runde på skjenkeløyvet til Innbyggartorget på Finnøy.
STAVANGER: Det var Krfs Henrik Halleland som tok saka opp under kommunestyremøtet måndag.
Halleland syntes dette var ei "litt trist sak", som ein av initiativtakarane til Innbyggartorget.
-Innbyggartorget er blitt ein flott plass, som skal leggja til rette for at kommunens innbyggjarar kan nå kommunen utan å måtta reisa heilt til byen, sa Halleland mellom anna, og peika på at det også skal vera ein plass kor barn og unge kan koma.
-Men eg begynte å ana noko då ein barnehage som kom for å sjå kor demokratiet heldt til, fekk beskjed om at dei ikkje kunne eta maten sin der, for der var det kafé. Så les eg i Øyposten at Innbyggartorget har fått skjenkeløyve frå klokka 10 om morgonen til halv to om natta, sa Halleland, og viste til at både ordføraren og kommunedirektøren tidlegare har uttrykt skepsis til skjenkeløyve i Innbyggartorget.
-Eg håpar kommunestyret får anledning til å ta ei prinsippiell avklaring rundt dette, sa Krf-politikaren.
Ordførar Dagny Sunnanå Hausken viste til at skjenkereglementet er oppe til behandling i kvar periode, og at tildeling av skjenkeløyver er delegert til administrasjonen i kommunen.
-Det er viktig at skjenkeløyver blir gitt på rett grunnlag, og eg vil be administrasjonen ta ein ny runde om dette for å sikra at løyvet er i samsvar med gjeldande reglement for skjenking, sa Sunnanå Hausken.