Arild Flesjå med toppen av steinen. På sida av er merket etter steinplata som også er blitt fjerna.|

FINNØY:

Kva har skjedd?

,- Eg oppdaga steinen heilt tilfeldig for fleire år sidan. Den låg nedgrodd og var mest ikkje synleg. Under ein av dei årlege dugnadane flytte me steinen og plata ned til parkeringsplassen slik at folk kunne sjå det. Etter ei stund blei steinen velta, og me sette den opp igjen. Så etter ei stund skjer det same igjen, steinen blii velta, men denne gongen blir den og delt i to. Slik har den blitt liggande i påventa av at me skulle fiksa den. Men no er plata og den halve steinen vekke, fortel Arild Flesjå,-

Kva trur du kan ha skjedd?

- Det er ikkje godt å sei. Eg har undersøkt litt om bakgrunnen for steinen og plata som blei funne i skogen. Fyrst trudde eg det var dei som oppåarbeida ein del av stiane på 90-talet som hadde sett steinen og plata. Det stemmer nok ikkje. Seinare har eg fått vita at det kanskje var eit ungdomslag, men det er heller ikkje sikkert.

I følgje skal det stå på plata: Reist 173 eller 179 år etter 1814.

- Eg hugsar ikkje om det var 173 eller 179 år det sto.

Nokon som veit?

- Kan det vera nokon som har køyrt borti steinen og stole plata? Kvifor er berre halve steinen forsvunnen? Eg kan ikkje tenka meg at kommunen har fjerna plata og den halve steinen sånn utan vidare? Det ville vore interessant å visst kva som har skjedd? Og ikkje minst kva inskripsjonen på steinplata betyr? Eg tykkjer det er synd at folk ikkje kan la ting få stå i fred. Dette var jo ein artig liten ting

Er det nokon av våre lesarar som veit noko om steinplata, eller som veit kva som har skjedd? Eller som i det minste har ein teori om kva som kan ha skjedd? Då vil me gjerne vita.