-Dette er ein kjempegod nyhet for næringslivet, meiner Daniel Nedrebø, som snart kan løysa sin siste billett på ferja.|Arvid Bø og Jan Egil Håvarstein er yrkessjåførar som har hatt ærend på Sjernarøy. -Det blir store pengar å spara, seier Håvarstein, som køyrer for Rennesøy Trafikk.|-Kva nå med framtida for hurtigbåten, spør Eivind (t.v.) og Jorunn Bøe, og Brit og Torgeir Vik, seg om.|Jan Egil Håvarstein kjem til å spara 6000 kroner i veka i fraktkostnader.

"MF OMBO":

-Dette er kjempenyheter for næringslivet i øyane, seier Daniel Nedrebø til Øyposten, etter å ha løyst billett for personbil i billettluka på MF "Ombo".,

Frå første juli kan han reisa gratis, då blir det slutt på billettering ombord, har regjeringa bestemt. Frå same stund blir også ferjesambandet Skipavik-Hjelmeland gratis, og forbindelsen Stavanger-Lysebotn.

-Eg er likevel bekymra for framtida for hurtigbåten når ferja blir gratis. Men, det er nok eit år sidan, og vel så det, sist eg benytta meg av den reisevegen, seier Daniel Nedrebø, som reknar med at det nå blir endå meir trafikk på ferjene.

-Dei nye ferje var også i minste laget i utgangspunktet, seier han.

-Blir det mange som flokkar seg om Sp nå?

-Sp var nødt til å foreta seg noko, elles hadde partiet havna under sperregrensa. Men det var Frps Roy Steffensen som tok dette opp først, påpeikar Nedrebø.

Daniel Nedrebø er ivrig forkjempar for Øyfast, og trur at gratis ferjer vil vera positivt for Øyfast-prosjektet. Tala for økonomien i tunnellprosjektet, som skal gi alle øyane i Finnøy kommunedel fastlandsforbindelse, skal på bordet i fylket i haust.

Men også Bjørn Alsaker, pensjonert sjefingeniør frå Statens vegvesen, er i gang med å rekna på prosjektet.

-Eg har snakka med Bjørn, og han meiner det blir enklare å setja opp reknestykket etter dette, seier den pensjonerte handelsmannen i Helgøysund.

Arvid Bø (t.v.) og Jan Egil Håvarstein er yrkessjåførar som har hatt ærend på Sjernarøy. -Det blir store pengar å spara, seier Håvarstein, som køyrer for Rennesøy Trafikk.

FOTO: Rune Nedrebø

Jan Egil Håvarstein frå Rennesøy køyrer for Rennesøy Trafikk, og har vore på Gieg Seafoods slakteri på Helgøy og levert tomkassar. Han synes det er kjempegreier at ferjene nå blir gratis. Han er på Helgøy 10 gonger i veka med traileren. Prisen per tur, med 50 prosent rabatt, er vel 300 kroner. Det blir 6000 kroner i veka i reiseutgifter.

-Det blir store besparelsar, konstaterer Håvarstein.

Jan Egil Håvarstein kjem til å spara 6000 kroner i veka i fraktkostnader. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Torgeir og Brit Vik og Jorunn og Eivind Bøe har også fått med seg nyheten om at det snart blir gratis på ferja.

-Det blir kjempegreier, både godsruta og transporten til og frå Stjernelaks må jo bli billegare, seier Torgeir Vik. Han er også skipper på "Rygerfjell", og går ut frå at også denne ferja nå må bli gratis.

-Viss utgangspunktet er ferjesamband med under 100.000 reisande, så må også den bli omfatta av dette, meiner han.

Men rundt bordet er det likevel bekymring for framtida for hurtigbåten.

-Det blir mykje billegare å reisa til byen med bil frå øyane, enn med hurtigbåten. Viss alle skal reisa med bil, blir det meir forurensning, noko som er stikk i strid med kva myndighetene ynskjer, seier Eivind Bøe.

Kona Jorunn er blant dei som ofte brukar hurtigbåten, nå ho skal ut og reisa.

-Me har eit veldig bra båttilbud i øyane nå. Det er synd viss dette gjer at tilbudet blir svekka, meiner ho.

-Kva nå med framtida for hurtigbåten, spør Eivind (t.v.) og Jorunn Bøe, og Brit og Torgeir Vik, seg om. Foto: FOTO: Rune Nedrebø