FINNØY: Kor kult er ikkje dette? To splitter nye vannscootarar blei låra i sjøen ved ferjakaia på Judaberg i dag.

Brødrene Langaker går sommaren lyst i møte. Den gamle summerfunnen har gjort jobben, no er dei for gamle og treng nye utfordringar.

– Kva har de to gjort som fortener dette?

– Eg skulle gjerne sagt det er fordi me har vore så flinke på skulen, men det er ikkje det. Nei, me har rett og slett berre ein veldig snill far, smiler Gabriel (18).

– Alternativet var å kjøpa ein Rib, men det hadde blitt mykje dyrare. Så er det no slik ein gong at dei to ikkje alltid er så gode vener at dei vil køyra båt saman heile tida. No kan dei køyra saman eller kvar for seg alt ettersom, seier far Langaker.

Begge gutane har efaring med båt og begge har båtførarabevis. Det siste er påbudt for å køyra vannscooter lovleg.

– Dei er heldigvis godt vane med båt. Blir det trøbbel må me ta grep, men det trur eg ikkje, dei veit kva som gjeld, seier Langaker.

Før neste sommar må mange tusen båtførarar gå på kurs for å køyra raske båtar og vannskutarar. For båtar/vannscooter som går over 50 knop, må føraren ha eit såkalla høghastigheitbevis.