Fullklaff for åpninga av Reilstad-dagane

Vakkert sang, god stemning, fullsett kai og sol og sommar. Arrangørane av Reilstad-dagane 2022 kunne ikkje ynskt seg ei betre åpningsgåve.

Finnøy har mange talenter. Søskena Reilstad er nokre av dei. Frå venstre Odd Martin, Ingveig og Erik på scena under åpningshowet.
Publisert:

FINNØY:. Reilstad viste seg frå si vakraste side fredag kveld, med sol og nesten vindstille. På scena på kaikanten spela ei rekke artistar med tilknytning til Finnøy opp, og laga ei flott oppleving for dei mange frammøtte.

Ifølge arrangørane var det rundt 270 frammøtte under åpnings-showet, men totalt var det rundt 300 innom første dagen. Tre gassgrillar for grillmaten og to takker for nysteikte lappar måtte til for å halda unna køen ved matserveringa.

Søskenparet Sunniva og Helene Mjølsnes, med far Jostein på bass og Odd Martin Reilstad på gitar, song nesten overjordisk vakkert.

Her fekk dei høyra søsken-trekløveret Reilstad, Ingveig, Erik og Odd Martin, som framførte den vakre «Heime» av Synne Vo. Men dei var ikkje dei einaste på scena som var i familie. Familien Foldøy bidrog sterkt med Margrethe Foldøy, Arne Olav Foldøy Hageberg og Benjamin-Johan London Foldøy. Arne Olav Foldøy Hageberg urframførte ein nydeleg melodi, skriven av han sjølv, inspirert av lyden av ei snekke på veg inn fjorden. Ein skikkeleg sommarlåt.

Og som om ikkje det var nok stilte søstrene Helene og Sunniva Mjølsnes på scena med to vakre songar, akkompagnert av faren Jostein Mjølsnes på bass og Odd Martin Reilstad på tangentar og gitar.

Bjarte Hodnefjell var først ute av artistane, og framførte to country-songar. Dei «lokale» talenta gjekk på scena før kveldens hovudattraksjon, gospelkonserten med svenske Roland Utbult.

Arne Olav Foldøy Hageberg urframførte sin nyskrivne instrumental inspirert av lyden av ei snekke. Tilfeldigvis kom ei staseleg Colin Archer-skute og la til kai under hans konsert.

Familien Serigstad hadde tatt vegen heilt frå Bryne for å vera med på Reilstad-dagane. Men her var det familieær tilknyting til Reilstad, for Martin Serigstad er far til Tone Lise Serigstad Reilstad, kona til Olav Reilstad, som saman med Vasshus-familien stod bak arrangementet.

Alle hadde store forventningar til kvelden, og syntes Reilstad er ei skikkeleg naturperle.

Og når dei får høyra at isen laurdag bare skal kosta ei krone, måtte dei ta ei grundig vurdering om dei skulle bli ein dag til. Men det blei med tanken.

Laurdag heldt Reilstad-dagane fram med mellom anna historisk vandring, og, som nemnt: Is, brus og snob til historiske prisar til stor glede for mange små munnar.

Skikkeleg sommarstemning på Reilstad-kaien då Bjarte Hodnefjell åpna showet fredag.
-Reilstad er ei naturperle, er denne gjengen samde om. Frå venstre Leif Karluf Serigstad, Martin Serigstad, Lars Dahle, Sven Serigstad og Judith Serigstad.
Desse damene kom frå Randaberg i båt for å vera med på Reilstad-dagane. Frå venstre Reidun Haugstad, Åse Helgeland, Gerd Synnøve Østebø, Målfrid Ladstein Berge, Sigbjørg Ladstein Berge og Ida K. Holta.