RENNESØY: Det var sist fredag føremiddag at Gudmestad som var på ferie på Sørlandet fekk telefon om at ein hund hadde angripe ein av sauene hans som beita i Hegglandslia like ved gravplassen.

– Eg er glad for den observante sambygdingen som såg kva som skjedde og fekk avgrense skadane. Hadde ikkje han vore så snarrådig kunne fleire suaer måtte bøta med livet.

Bandtvang heile året

– Kva skjer vidare no?

– Eg har ikkje snakka med hundeeigaren som er heimehøyrande i Rennesøy. Det gjekk lang tid før vedkommande melde seg, men då me fekk kontakt påsto eigaren at hunden måtte ha slite seg. Eg kjem ikkje til å føreta meg noko meir. Eg har blitt oppmoda om å anmelda forholdet og det skal eg. Politiet har gjort dette før, eg overlet til dei å gjera det som trengs.

– Får du erstatninge for sauen?

– Ja, det reknar eg med, det er det eg har blitt førespeilt. Eg håpar dette fører til at folk blir meir forsiktige med å halda hunden i band, sier Gudmestad.

I Rennesøy og Finnøy kommunedel er det bandtvang heile året.