Politikarane vil ikkje ha ekspressbuss frå Finnøy

Mot ei stemme vedtok samferdselsutvalet i fylket å droppa ekspressbuss mellom Finnøy og Stavanger og Hjelmeland og Stavanger. Bare Miljøpartiet ville ha busstilbudet.

Ingen ekspressbuss frå Finnøy foreløpig.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Vedtaket er i tråd med innstillinga frå administrasjonen, kor det blir argumentert med at passasjergrunnlaget er for lite og at det i stort grad vil bli dobbelkjøring med eksisterande rutetilbud, for Finnøy sin del gjeld dette rute 10 frå Rennesøy.

Eit alternativ kan difor vera å forlenga rute 10 frå Finnøy, men då er det ikkje snakk om noko ekspressrute utan stopp før Stavanger. Det er i dag ikkje busstilbud mellom Finnøy og Rennesøy.

Saka kjem imidlertid opp i både fylkesutvalet og fylkestinget, og i følge leiaren av samferdselsutvalet, Ole Ueland, må fylket finna pengar viss det då blir vedteke å oppretta busstilbudet. Overslag frå Kolumbus viser at det vil kosta rundt 800.000 kroner i året for ein ekspressbuss frå Judaberg til byen, med retur om ettermiddagen.

Eit busstilbud vil også bli vurdert opp mot dei nye hurtigbåtrutene, når dei blir sett iverk.

  1. Finnøy