RENNESØY: Triatlon er ikkje for kven som helst. 11 topptrente unge menn stiller til start i hagen i Sjøveien 15 i Østhusvik. ETriatlon er ein av dei tøffaste sportane som krev rå muskelkraft , jernvilje og uthaldenheit. Tidlegare år har det vore kvinneleg deltaking, men i år er kvinnene å finna i supportargjengen.

Personleg utfordring

– Dette er fyrst og fremst for å ha det gøy, utfordra seg sjølv og støtta eit godt prosjekt. Men det er like fullt same distansane som som dei olympiske krava, fortel primus motor, Tom Egill Tobiassen.

– Som er?

– 1500 meter svømming, 40 kilometer sykling og 10 000 meter løping, i den rekkefølgje.

Frå hagen i Sjøveien 15 startar deltakarane med å springa ned til sjøen. I Nordhusvågen legg dei ut på svøm ut til ein påle, denne rundar dei tre gonger. Her stiller arrangøren med autorisert livreddar som følgjer deltakarane Triatloni båt. Deretter er det opp igjen i hagen, skiftar til sykkelutsytr og syklar frå Østhusvik over Heia til Vikevåg - Litladal- Sørbø - og tilbake til Østhusvik via Hanasand. Innom hagen igjen, byter til joggesko og spring fortast råd frå Østhusvik via Gangenes, Hodne og tilbake til hagen. Her ventar supportargjengen med med tørre klede, trøystande ord og mykje god grillmat.

Eit godt formål

Det er gratis å vera med, men det fylgjer med ei spesilell oppmoding til deltakarane.

– Det stemmer. Alle som fullfører får tilbod om å doner eit valfritt beløp til ein barneheim i Cochabamba i Bolivia, gjennom ungdomsklubben STREAM. Pengane går til til generell drift som mat, utdanning, klede medisin og liknande. Barneheim har hjelp mange born bort frå gatene og gitt dei framtidshåp. Etter løpet i fjor kom det inn 4800 kroner, det er veldig bra, og gir konkurransen ein ekstra dimensjon, seier Tom Egill Tobiassen.

Eldstemann Øyvind Eie (58) gir tommel opp til kameramann Kenneth Salte. Foto: Privat