Gartnar Eirik Voll på Rennesøy|Gassprisane er i ferd med å ta str5upetak på veksthusnæringa. (Illustrasjonsbilete).

RENNESØY:

-Situasjonen er fortvila, me har aldri vore borti ein liknande situasjon. For eit halvt år sidan hadde ingen trudd på gassprisar opp mot to kroner, seier Voll til Øyposten.,

Rennesøygartnaren vil sjølv leggja om til propan, som er billegare enn naturgass.

-Men propangassen er også blitt så dyr, at det er bare så vidt det går rundt, legg han til.

Gassprisane er i ferd med å ta str5upetak på veksthusnæringa. (Illustrasjonsbilete).

Voll reknar med at det er fleir gartnarar, både i Finnøy og i Rennesøy, som, ikkje kjem til å planta inn i komande sesong.

-Det kjem nok til å bli ein del tome hus, seier han.

-Kjem det til å skje ei avskaling i næringa?

-Det er eg ganske sikker på ja. Det er gartnarar som hadde tenkt å driva vidare nokre år til, men som nå vel å kasta inn handkleet for godt, spår Eirik Voll.

Myndighetene trødde for kort tid sidan til for å hjelpa både privatkundar og gartneri med dei høge straumprisane, men det er likevel gass som er hovudenergi-kjelda for gartneria, spesielt for mellomstore og mindre gartneri.

Eirik Voll ser ikkje noko umiddelbar løysing for dei høge gassprisane.

-Det er gassmarknaden ute i Europa som avgjer prisen på naturgass, og der veit me at prisane er skyhøge, seier han.