Judaberg Båtforeing har lempa på krava for å få båtplass.

FINNØY:

Før årsmøtet i mars var vedtektene slik at det berre var folk med adresse i gamle Finnøy som rettmessig kunne få seg ein båtplass.,

- I frå neste årsmøte har me planar om ytterlegare opning, slik at alle som ynskjer, uavhengig av adresse, skal kunne setta seg på ventelista for å få båtplass, seier leiar i Judaberg Båtforening, Thor Egil Espeland.

Båtforeinga har 120 medlemmar og rundt 100 båtplassar delt på hamna på Faaholmen og ved Byggmixen i sentrum. I skrivande stund er det 14 personar som står på venteliste, og tre heldige søkararar får i desse dagar tilbod om båtplass. To plassar til større båtar er framleis ledige.

Espeland fortel at det er omtrent like mange hyttefolk og fastbuande som har båtplass.

- Det er ein av grunnane til at me ynskjer at fleire skal få moglegheit til å søka. Det er mange av hyttefolka på øyane som bur i andre kommunar enn Stavanger, og då tykkjer me det er rimeleg at også dei skal kunne køyra bil til Judaberg og ta privatbåt vidare, fortel Espeland.

-Kor mykje kostar ein passe stor båtplass?

- La oss sei ein typisk Skjærgårdsjeep så vil den ligga på rundt 50 000 kroner. Etterpå vert det årlege beløpet 1500 kroner per breiddemeter pluss 300 kroner i medlemskontigent. Denne prisen ligg godt under prisen for tilsvarande båtplass i byen, avsluttar Thor Egil Espeland i Judaberg Båtforening.