Gartnar Eirik Voll på Rennesøy

RENNESØY:

Med den nye siloen reknar Voll med å ha plass til alt vinterfôret heime på garden, kor det er ein åtte-meters og ein seks-meters silo frå før.,

-For meg er dette den beste løysinga, seier Rennesøy-bonden som har 40 jerseykyr i fjøset.

-Skulle eg kutta ut siloane og lagra foret i rundballar, måtte eg hatt 2500 plastballar. Det er ikkje aktuelt. Dessutan slepp eg å kjøra om vinteren når det er blautt og sorpa for å henta inn siloballar, seier Voll til Øyposten.

Også tanken på miljøet og unngå plast i landbruket, har spela inn, legg han til.

-Kva med økonomien?

-Fullt ferdig vil den nye siloen koma på 230.000 -240.000 kroner, og av dette får eg 100.000 kroner i støtte frå Inovasjon Norge. Men det er ikkje gratis med rundballar heller. Men for ein bonde med 50 sauer kan dette sjølvsagt stilla seg heilt annanleis, seier Eirik Voll.

Siloen vil bli utstyrt med maskinelt uttak av silofor, fulltømar, noko som gjer fôringa av dyra enkel.

Prosjektet har likevel bydd få nokre uventa utfordringar. Det fanst nemleg ikkje entreprenørar som hadde forskalingsformer av denne dimmensjonen.

Men etter litt leiting fann rennesøybonden likevel ei som han fekk leiga frå Hordaland.

Eirik Voll hadde heller ingen erfaring med å støypa silo, den måtte han skaffa seg under vegs. Armering har han også ordna med sjølv, men har brukt Finnøy Contracting som konsulent. Med god hjelp frå sonen står siloen nå ferdig, og er eit prosjekt som har vekt interesse også hos andre bønder.

-Det har vore mange og sett på prosjektet, og det verkar til å vera andre som lurer på å gjera det same som meg, seier Eirik Voll.