Rennesøyparet Elin Lindanger og Hakon Vidar Austbø satsar og byggjer nytt kyllinghus til 11 millionar kroner.|Veggstøtter blir heiste på plass av Østhus Bygg og Maskin frå Fogn.|gardsnavnet er på plass på veggen. Finnøy Betong er eit av fleire lokale firma som har vore engasjert i bygginga av det nye kyllinghuset.

RENNESØY:

Elementa i veggene er det Finnøy Betong som har produsert, Østhus Bygg og Maskin frå Fogn står for snekkerarbeidet, Lindanger Maskin grunnarbeidet, Finnøy Contracting skal ta seg av støypearbeidet, Rennesøy Elektro det elektriske og IK Rør på Rennesøy røyrarbeidet.,

-Me ville helst at mest mulig av arbeidet blei gjort lokalt, og er glad for at me fekk det til. Me er veldig god fornøyd med jobben som er gjort, seier sambuarparet frå Austbø på Rennesøy, og framhevar spesielt Østhus Bygg og Maskin.

-Me brukte dette firmaet på ammekufjøset, og syntes dei gjorde ein flott jobb der. Difor var det kjekt at dei blei med vidare også her, seier Haakon Vidar Austbø.

gardsnavnet er på plass på veggen. Finnøy Betong er eit av fleire lokale firma som har vore engasjert i bygginga av det nye kyllinghuset.

Dei unge bøndene understrekar at det er prisen som ligg til grunn for valet av byggefirma.

-Men lokale firma viste seg å vera fullt ut konkurransedyktige med bedrifter på Jæren, og dermed var valet enkelt. Me ynskjer å støtta opp om lokale bedrifter, seier det unge paret, som er i gang med å gjera eit solid løft for å skapa seg ei framtid på garden.

Kyllinghuset har ein prislapp på omlag 11 millionar, og i 2017 bygde dei nytt fjøs til ammekyr til rundt fem millionar kroner. Det er difor store tal det er snakk om, og som kjem på toppen av at dei for ti år sidan bygde nytt hus. Det er utelukkande lån i bank som ligg bak finansieringa av kyllinghuset, for staten gir ikkje støtte til reine kraftforproduksjonar.

-Det er mykje pengar, men skal du ha ei framtid som bonde må du satsa, seier Elin Lindanger.

Både ho og sambuaren har god tru på at dette skal gå bra, og kan også støtta seg på at søster hans og mannen driv med ein tilsvarande produksjon på Sørbø på Rennesøy.

-Me reknar med å få hjelp og gode råd frå dei, seier Haakon Vidar Austbø.

Det unge paret har avtale med kylling- og eggprodusenten Den Stolte Hane på Jæren, og skal levera 280.000 slaktekyllingar i året fordelt på sju innsett. Med tvillingar som blir to i april og eit barn i skulealder, førebur paret seg på ein travel vår med lamming, kalving og nytt kyllinghus. Men dei har god hjelp av familien når det gjeld barnepass.

Veggstøtter blir heiste på plass av Østhus Bygg og Maskin frå Fogn.

Elin Lindanger har omsorgspermisjon frå jobben som hjelpepleiar på Stavanger Universitetssjukehus, mens Haakon Vidar Austbø jobbar som maskinførar i Lindanger Maskin. Når kyllinghuset kjem i produksjon, etter planen i mai, håpar ho å kunna gå over på ei ordning kor ho jobbar intensivt når det ikkje er kyllingar i huset.

Han vil foreløpig halda fram bak rattet på lastebilen hos svigerfaren, Bjørn Lindanger i Lindanger Maskin, men satsar å kunna leva av å vera bonde på fulltid på sikt.

-Håpet er å skapa vår eigen arbeidsplass, avsluttar Elin Lindanger og Haakon Vidar Austbø.