Tommy Dietlevsen og Karakot Srilakon på "Tommys Kjøkken" vil utvida cateringtilbodet både med tradisjonell norsk julemat og thaimat under koronakrisa nå i førjulstida. Foto: Jon Asgaut Flesjå

RENNESØY:

-Det er enno viktigare enn nokon gong at folk brukar oss, seier restauranteigar Tommy Dietløvsen når me møter han over ein kopp kaffi, ein litt grå og regntung novemberdag ute i restauranten ved Sokn Camping.,

Også for Dietløvsen og resten av dei tilsette som totalt utgjer 6 årsverk i "Tommys Kjøkken", er det utfordrande tider. Det same er det for ei samla restaurant- og reselivsbransje her i landet.

Men Tommy Dietløvsen og gjengen hans har på ingen måte tenkt å gi opp, trass i at det gjerne blir både 90 og 100 timars arbeidsveke for sjefen.

Ein livsstil

-Du veit det blir mest som ein livsstil. Men eg skal ikkje stikke under ein stol at eg av og til i har spurt meg sjølv i det siste,om det verkeleg er verdt det, legg Dietløvsen til og blir litt meir alvorleg.

-Dessverre er det også slik at den kompensasjonsordninga som regjeringa legg opp til heller ikkje heilt treff vår bransje og vår driftsform.

-Ja kva form for kompensasjon ville vera det viktigast no,slik du ser det?

-Ei vidareføring av ordninga med halverte momssatsar og redusert arbeidsgivaravgift ville hjelpa mykje i vår situasjon, poengterer Dietløvsen, som likevel vel å bretta opp armane og snus eg rundt for å sjå på andre inntekstmulegheiter.

Lov å arrangera julebord

-Og så må me heller ikkje gløyma at det framleis er lov å arrangera julebord for inntil 50 personar under dei gjeldane smitteverntiltaka. Difor blir det både "villsauaften" og "lutefiskaften" for inntil 50 personar også i år. Og påmeldinga ser også veldig bra ut så langt, smiler nordlendingen. Han har difor stor tru på  "fulle" hus begge kveldar.

Og kokken på Sokn stoppar ikkje her. Nå tilbyr han også ei eiga catering familiepakke, med ulike daglege menyar til to vaksne og to barn. -Det håpar me også at folk vil setja pris på å nytta seg av i tida framover mot jul, seier ein forhåpningsfull kokk.

Nå har han også bokstaveleg talt invitert thailanske Korakot Srilakon inn på kjøkkenet sitt. -Ho kan by på skikkeleg thaimat, skryter Tommy Dietløvsen, som dessutan har veganmat frå dottera Stine å by på.

Når også pinnekjøtet frå villsau frå Åmøy om ikkje lenge også kjem på juletallerken for julebordgjestane på Sokn, byrjar det vel å nærma seg ei nokonlunde normal førjulstid på Tommy sitt kjøkken på Sokn, også dette heilt så spesielle året.