Reidar J.Roda overleverer nøkkelen og leinga av Roda Agri Maskin AS til yngstesonen Roar th.

FINNØY:

For det er nemleg gjennom arbeidet med å kosta og sopa fortau og vegkantar, og ikkje minst i form av det omfattande arbeidet med kantslåing og det å gjera det fint langs vegar og grøfter både på Nord Jæren og dei grøne øyane i Ryfylke, at det lokale entreprenørselskapet har vore mest synleg og blitt mest kjent for sitt grundige og velrennomerte arbeid dei siste åra.,

-Ja, det er nok heilt rett. Men me har nå mykje anna også som me steller med, seier Roar beskjedent og fortel at dei i utgangspunktet er tre fast tilsette, men at dei i dei mest hektiske periodane på våren og sommaren kan vera oppe i både 8 og 10 tilsette.

For når kantslåinga langs dei trafikkerte vegane på motorvegen mellom Stavanger og Sandnes, og vidare sørover langs Riksvei 44 skal gjennomførast blir det både lange og travle dagar, og av og til også netter.

-I tillegg skal også siloslåtten og rundballepressinga gjennomførast hjå dei mange bøndene rundt omkring på øyane. Så då pleier det nærmast å gå i eitt, døgnet rundt, legg Roar smilande til.

-Og det var jo nettopp med denne type leigearbeid hjå lokale bønder det heile eigentleg byrja med min farfar, Jostein Roda, i si tid.

-Seier ja til det mesta

Og som både far Reidar og farfar Jostein, har også Roar alltid lika å køyra både store maskinar og traktorar, og har nærmast fått det inn med morsmelka. Difor fekk han tidleg vera med far sin ute på ulike oppdrag, noko som igjen førte til at han tok fagbrev som lanbruksmekanikar.

I dag har det som i utgangspunktet var eit vanleg mellomstort gardsbruk nord på Lauvsnes på austsida av Finnøy, blitt forvandla til både eit stort og moderande gardsbruk med produksjona av både egg, mjølk og kjøt. Dette er det eldstebroren Stian som nå har teke over. I tillegg er det blitt ført opp både maskinhall og verkstad for å husa ein stadig veksande maskinpark.Alt dette er bygd opp av foreldrene, ekteparet Reidar J. Roda og Inga Roda, Det har gitt sysselsetjing til både far, mor og to sønner i tillegg til fleire andre.

-J

a,er det slik at ein slik brei og allsidig maskinpark og med deg som ein ny og gjerne ambisiøs ung dagleg leiar, så skal Roda Agri Maskin  AS

ekspandera ytterlegare?

Vil føra arven vidare

-Ikkje nødvendigvis, men vårt motto er framleis at me seier ja til det mesta, og går til dei ulike oppgåvene med eit åpent sinn. Så sjølv om me blir utfordra og tek på oss oppdrag som me aldri har gjort før, så klarer me vel alltid å fiksa det. Det er i alle fall vårt motto, så får me ta det derifrå, avsluttar den unge, kreative og ikkje minst løysingsorienterte bedriftsleiaren.

Og slik sett blir nok også arven ført vidare, slik folk flest har lært den lokale bedrifta å kjenna, og er såleis i gode hender.

For inga oppgåve er for liten og mest ingen for stor for den vesle familebedrifta Roda Agri Maskin AS på Finnøy. Det har dei også som mål å vera, når det nå er nye og langt yngre krefter som tek over den daglege leiinga i entreprenørbedrifta.